«Pioner I»

 

«Pioner I» var bygd i stål ved Smith's Dock Co. Ltd, North Shields, i 1900. Båten var då han kom inn i norsk skipsregister i 1930: 114,8 fot lang, 21,1 fot brei og 11,2 fot djup, 187,87 bruttotonn og 66,85 nettotonn. I båten som var bygg nummer 621 ved verftet, vart sett inn ei trestegs dampmaskin på 52 nominelle hk. Ho var bygd ved G. T. Grey, South Shields. Her ser vi båten då han var registrert i Oslo.

 

        I forbodstida var det mange tyske skip som låg utfor norskekysten og leverte sprit til nordmenn som kom ut. Eit av dei mest kjende smuglarskipa var trålaren «Nordfriesland». Han vart teken i arrest i 1925 og overteken av den norske stat. Seinare kjøpte eit Oslo-firma båten og kalla han «Pioner I». Tyskarane overtok båten i slutten av 1940 då hadde han blitt heva etter ha blitt søkkt den første krigsmånaden. Men seinare i krigen forliste båten, under namnet «Rätier», for godt på Hustadvika.
        «Pioner I» var bygd under namnet «Alsatian», og første eigaren var Boston Steam Fishing Co. Ltd, Boston i Storbritannia. I 1903 blir eigaren sagt å vere Boston Deep Sea Fishing & Ice Co. Ltd.
        Frå desember 1914 til oktober 1916 skulle båten, under namnet «Alsation Minor», vere brukt som eskortetrålar (PY 524) av den britiske marinen.
        I 1920 skifta «Alsation» namn til «Carronsyde» etter at Aldersyde Steam Fishing Co. Ltd, Grimsby, hadde blitt ny eigar.
        Tidleg i 1924 vart Nordische Seefischerei GmbH, Hamburg, ny eigar av «Carronsyde», som skifta namn til «Nordfriesland» og fekk fiskerimerket HH 189.


SPRITSMUGLING

        Under forbodstida skulle det etter kvart auke på med smugling. Det kan nemnast at i 1922 drog ein ekspedisjon frå Frøya til Danmark og lasta «5000 flasker kognakk og whisky, bestemt til de mer forfinede trønderske ganer, og 10.000 liter sprit for det brede lag». Etter å ha forsynt Ålesund med brennevin til 17. mai, gjekk båten innom Smøla. Her fekk båten motorproblem og kunne difor arresterast av ein tollkryssar som gjorde langt mindre fart enn smuglarbåten.
        Arrestasjonen synte at det norske lovverket ikkje var særleg tilpassa den nye situasjonen. Smuglarane sa at dei hadde tenkt å levere fangsten utanfor territorialgrensa og hevda at dette var lovleg. Men rettsinstansane meinte at ein norsk båt i rom sjø er norsk territorium og dermed var også han underlagt den norske forbodslova.

 

 

I tysk teneste under siste krig fekk «Pioner I» namnet «Rätier» og gjekk inn i hamneflotiljen i Molde. Her ser vi båten under ein storm jula 1941. (Foto: Kurt Reichmuth).

 

        Derimot kunne utanlandske båtar liggje uhindra utanfor territorialgrensa. Det var først etter at dei hadde gått innom grensa, at dei kunne arresterast av norsk tolloppsyn. Og slike båtar skulle det med åra bli mange av. Særleg førte valutaproblema i etterkrigstida til at pengesterke tyske smuglarligaer satsa på spritsmugling til Noreg.
        Hausten 1924 byrja norske styresmakter å bli meir aktive i jakta på dei profesjonelle utanlandske smuglarane. På det tidspunktet låg to av dei mest kjende tyske smuglarskipa, trålarane «Nordfriesland» og «Paul Weber», utanfor kysten ved Halten og opererte til dels innanfor norsk territorium.
        Konkurransen mellom dei mange utanlandske smuglarfartya pressa også ned spritprisane. Av den grunn hadde nokre smuglarar frå Frøya i slutten av september fått prisen på sprit frå «Nordfriesland» heilt ned i 16 kroner kanna. I tillegg vart det avtala at «Nordfriesland» skulle gå tett oppunder land for å redusere risikoen for dei norske kjøparane. Her vart heile 42.000 liter sprit lossa til 8-10 norske farty. Det kan nemnast at dette var sagt å vere den fjerde turen «Nordfriesland» hadde til dette området i 1924.
        Etter heimkomsten til Hamburg var «Nordfriesland» deretter to turar til Finland med sprit. Men i januar 1925 kom det melding om at «Nordfriesland» på nytt hadde sett kursen mot Noreg med 50.000 liter sprit om bord. Båten hadde bunkra heller lite med kol. Meininga var at han skulle få ytterlegare forsyning av det frå sine norske kontaktar. Men frå slutten av januar og fram til 10. februar rasa ein storm langs norskekysten.      «Nordfriesland» måtte ri stormen av til havs sidan tolloppsynet hadde blitt langt meir effektivt. Dei norske agentane som skulle skaffe kol frå land hadde blitt arresterte i Kristiansund. Kolmangelen gjorde at sjefen om bord, Dücker, bestemte seg for å gjere vendereis utan å ha fått seld ein drope sprit.
        Heimturen gjekk i motvind, og kolet tok slutt då ein var utfor Haugesund. Ein gjekk deretter over til å fyre med sprit. Kanne etter kanne vart slengt inn i fyrgangen. Men dette uvanlege brenselet var ikkje utan fare. Ein gong maskinsjefen var for sein i vendinga, vart eine arma hans stygt forbrent av flammane som slo ut. Men spriten gav likevel ikkje den ønskjelege effekten. Det var ikkje anna råd enn å søkje norsk hamn for å kole. Før kursen vart sett for Kopervik, som tyskarane rekna som mindre farleg enn Haugesund og Stavanger, vart alle dei resterande spritkannene og kassene med brennevin kasta over bord. «Nordfriesland» vart kamuflert som ein uskuldig trålar. Og forklaringa på kvifor båten mangla fiskereiskap, vart også gjort klar. Ein skulle ha mist trålen under fiske ved Island, og dermed måtte ein reise heim for å skaffe ny reiskap.
        Men den gong ei! Etter å ha konferert, med overordna, tok lensmannen i Kopervik seg om bord i «Nordfriesland» og arresterte mannskapet. Han sikra også ein del viktige papir som kom til nytte i den vidare rettssaka. Etter arrestasjonen vart «Nordfriesland» førd til Kristiansund der låg også mellom anna «Paul Weber», som også hadde blitt arrestert.
        Det vart reist tiltale mot to av dei som var om bord i «Nordfriesland» - eigar Dücker og kaptein Becker. Ein annan offiser, Richter, fekk dom i forhøyrsretten. Resten av mannskapet vart sleppte fri og utviste frå riket, då ein ikkje kunne prove at båten på denne siste turen hadde lossa sprit innanfor grensa.
        Ved Hitra meddomsrett sommaren 1925 vart Dücker mellom anna dømd til inndraging av verdien av 30.000 liter sprit, medan Becker på dette punktet måtte tole ei inndraging av verdien av 10.000 liter sprit.
        Denne delen av dommen vart ståande trass i anke. Ved meddomsretten fekk ikkje påtalemakta medhald i kravet om inndraging også av båten, men denne tolkinga av lova delte ikkje Høgsterett. Høgsterett meinte at reiarlaget viste eller burde vite at hovudføremålet med bruken av båten var å smugle sprit til Noreg. Av denne grunn gav dei løyve også til inndraging av «Nordfriesland».

        
I januar 1929 overdrog så politimeisteren i Kristiansund «Nordfriesland», som no endra namn til «Pioner I», til A.W. Nordstrøm & Co, Oslo. Båten blir deretter førd over på selskapet AS Pioner, Oslo. Hovudaksjonærane her var: A.W. Nordstrøm, Kr. Gjølberg og Atle Freng.
        Selskapet skulle drive pelagisk sildolje- og kvaloljefabrikasjon ved Norskekysten og i Nordishavet med båten «Pioner», eks. «Grosholm». «Pioner I», som i størst mogleg utstrekning skulle fiske i samarbeid med «Pioner», blir no ombygd til snurpar ved Liaaen mek. Verksted, Ålesund, og blir fiskeriregistrert i Oslo som O-39-O.
        I 1935 fortel eit nytt målebrev at båten har blitt lengd til å bli 136,4 fot lang. Dei andre måla vart 21,0 fot brei og 10,6 fot djup, 225,35 bruttotonn og 96,91 nettotonn.
I juli 1936 blir «Pioner I» skøytt over til AS Kvitøy, Ålesund. Båten blir no fiskeriregistrert i Vartdal som M-21-VD.


KRIGSTIDA

        Morgenen 1. mai 1940 vart det fyrt opp i maskina på «Pioner I», som låg i Hjørungavåg. Båten hadde tidlegare på natta blitt rekvirert av Arnold Ræstad til evakueringsoppdrag på vegner av den norske regjeringa. Ordren var at «Pioner I» og «Lepsøy» skulle vere i Ålesund om føremiddagen. Men før båtane kom seg frå Liavågen, vart dei bomba av tyske fly og sokk.
        «Pioner I» vart seinare heva av Fladmarks bergingskompani og overteken av tyskarane 4. november 1940. Båten er sagt å skulle ha fått namnet «Rätier» og gjekk inn i Hafenschutzflottille Molde som NM-22.

 

 

«Rätier» på grunn på Hustadvika. (Foto: Kurt Reichmuth).

 

Mannskap frå «Rätier», som forliste på Hustadvika under krigen, om bord i «Teutone», som var namnet på «Ullasund» i tysk teneste. (Foto: Kurt Reichmuth).

 

        I følgje tyske kjelder skal båten ha gått tapt ved grunnstøyting 27. august 1942 på Hustadvika. Men i ein rapport som vart teken opp av lensmannen i Vågøy i 1948, meinte fleire lokalkjende personår at «Rätier» måtte ha forlist noko seinare.
«Rätier» skulle i følgje desse vitna ha gått for full fart på Svartskjerflua rett utfor Askvåg på Hustadvika ved fjøre sjø seint ein ettermiddag. Då sjøen steig, gleid havaristen av grunnen og sokk nokre få meter frå flua på 6-7 famnars vatn. Rett etter grunnstøytinga hadde skipet byrja å
sende ut naudsignal, og eit vitne kunne fortelje at han hadde gått med den opne motorbåten sin ut til fartyet og frakta tyskarar som var om bord i «Rätier», til Askvåg.
        Seinare kom nokre tyske vaktbåtar og ein bergingsbåt frå Fladmarks bergingsselskap for å sjå om «Rätier» kunne bergast. Alt som var laust om bord i båten, vart fjerna av dei tyske vaktbåtane, men bergingsselskapet ville ikkje ta på seg hevinga av havaristen, truleg fordi der var så mange djupvassbomber om bord. Ut på vinteren, under ein nordveststorm med høg sjø, kunne folk høyre fleire kraftige drønn rett ut for land. Det var djupvassbombene som eksploderte. Dagen etter dreiv det på land ein del treverk, og nokre dagar seinare kunne ein ved sjølvsyn konstatere at vraket hadde blitt sprengt i filler.

 

  Kilde: Frå damp til motor. Gjengitt med tillatelse fra Johan Ottesen, flyfotoarkivet.no.